Speciesism, Painism and Happiness – A Morality for the 21st Century av Richard D. Ryder

Er evna til å føle smerte alt vi treng å støtte oss til som moralsk rettesnor? Og kven bør inkluderast i det moralske universet?

Speciesism, Painism and Happiness. Bok

Ryder lanserer i sin siste bok moralteorien “Painism”.

Tekst: Gunnar Kornberg

Richard D. Ryder, mannen som først lanserte omgrepet spesiesisme, formulerar i denne boka sin moralske teori kalla ‘painism’. Som namnet indikerar set han søkelyset på smerte og hevdar at smerte er det einaste vonde og at evne til å føle smerte er den einaste moralsk relevante faktoren ein treng å ta omsyn til. Grunnen til dette er at reduksjon av smerte – breidt definert som fysisk, emosjonell og sansande smerte – er ein essensiell ingrediens i å vere lukkeleg.

Boka er bygd opp i 4 delar, der den første kort diskuterar tidlegare moralteoriar før Ryder gjer klart kva han meiner moral er og innebærer. Den andre presenterar spesiesismeomgrepet og ulike sider ved det, medan den tredje presenterar moralteorien ‘painism’. Til sist vert praktiske konsekvensar av ‘painism’ på mange samfunnsområder diskutert. Denne meldinga konsentrerar seg om dei 3 første delane.

Kva er moral og kva er målet med den?

Å utforme ein moralteori krev at ein definerar kva ein meiner med moral. For Ryder handlar moral om korleis ein behandlar andre. Han skil med andre ord mellom handlingar som gjer ein sjølv lukkeleg, og handlingar som er bra for andre. Handlingar som er bra for ein sjølv kan vere bra eller dårleg for andre og dermed både henhaldsvis moralske og i strid med det Ryder anser for god moral.

Men kva er så målet med moral? Kva er det andre likar? Ryder finn at det grunnleggande folk vil er å vere lukkelege. Alt anna, som kjærleik, pengar, suksess er berre middel ansett for å auke kjensla av lukke. Det følger at lukke generelt blir auka av gleder/nytingar (som til dømes sex, mat og vener) og av reduksjon av smerte, men fordi smerte ofte er ei sterkare kjensle enn nyting bør ein først og fremst fokusere på å redusere smerte hos andre.

Kven bør inkluderast i det moralske universet?

Ordbok. Foto.

Moral handlar om korleis ein behandlar andre, hevdar Ryder.

Eit sentralt spørsmål i boka er så kva ein meiner med “andre”. Dersom ein aksepterar argumentet over om at moral handlar om korleis ein behandlar andre, og at reduksjon av smerte hos andre er kjerna i moral, så følger det at alle som er i stand til å føle og erfare smerte må bli inkludert i det moralske universet. Singer har kalla desse for ‘sentient beings’ medan Ryder nyttar omgrepet ‘painient beings’. Men som Leuven og Visak 1 (2013) viser, er desse omgrepa i all hovudsak like i at begge fokuserar på kapasiteten til å føle smerte.

At andre artar enn mennesket har bevisstheit framstår klarare og klarare (sjå blant anna Cambridge Declaration on Conciousness 2). Og dersom bevisstheit er utbreid i naturen framstår det som svært sannsynleg at kapasitet til å føle smerte også er det sidan ein slik eigenskap er av særleg evolusjonær verdi. Kva implikasjonar har dette? Ifølge Ryder så betyr det at om ein meiner det er galt å påføre eit menneske smerte så er den logiske konsekvensen at det også er galt å gjere det same mot andre artar. Dette er essensen av anti-spesiesisme: at ein behandlar like interesser (som interesse i å unngå smerte) på same måte uavhengig av artstilhøyre.

Smerte og ikkje død er den moralsk relevante faktoren

Allereie i 1976 skreiv evolusjonsbiologen Richard Dawkins at “[speciesism] has no proper basis in evolutionary biology”. Ryder bygger vidare på dette og skriv:

… if all animals are on the same biological continuum, then also we should be on the same moral continuum (side 54).

For mange vil dette kanskje bety at å drepe dyr for til dømes mat aldri kan rettferdiggjerast. Men Ryder meiner at det er mogleg å auke den moralske statusen til ikkje-menneskelege dyr og samstundes tillate at enkelte av dei vert etne.

Bakgrunnen for dette er at naturleg død kan vere meir smertefull enn slakt utan frykt og plager kan vere. Død er i alle tilfelle uungåeleg. Dette er konsistent med fokuset på smerte, men framstår i hovudsak meir som ein rein teoretisk posisjon enn noko som er mogleg i praksis.

Individet i sentrum

Painism bygger på to dominerande moralteoriar, utilitarianisme og rettsteori. Men der utilitarianismen legg saman lukke/smerte på tvers av individ og brukar total lukke/smerte som mål på om ei handling er god eller ikkje, hevdar ‘painism’ at dette ikkje gir meining sidan det er enkeltindividetet som opplever smerte/glede. Individet er ein separat entitet og opplever ikkje total smerte/glede i til dømes ei gruppe eller eit samfunn.

Ku. Foto.

Oppleving av smerte og glede er ikkje reservert menneskedyret. (Foto: Pixabay)

Painism’ kan difor seiast, i likskap med rettsteori, å setje individet i sentrum. Men der rettsteori har rettar som eit mål i seg sjølv vil det vere vanskeleg å vite korleis ein skal løyse situasjonar der rettar er i konflikt. ‘Painism’ løyser dette ved å tillate cost/benefit analyse mellom to individ, men med forbehaldet om at ein aldri kan auke smerta til eit individ kun for å auke gleda hos eit anna. ‘Painism’ kan difor seiast å stå i ein posisjon mellom utilitarianisme og rettsteori som ei form for altruistisk individualisme.

Anbefalt lesning

Sjølv om ‘painism’ ikke er overbevisande når det kjem til kritikken av utilitarianismen tilførar den viktige poeng som er underkommunisert i ein debatt om kva moral er, og argumenterar godt for kvifor smerte bør vere heilt avgjerande når det kjem til å avgjere om ei handling er i tråd med god moral eller ei. Alt i alt ei lettleseleg bok verd å lese for ein introduksjon til korleis ein kan tenke kring moral.

 

Fotnoter:

, , , ,

No comments yet.

Leave a Reply

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

Org.nr.: 895215732 / Bankkonto: 1503.71.30351 / e-post: kontakt@vegansamfunnet.no