Klimamessige kostnader ved husdyrproduksjonen

Det er mange gode grunner for å føre ein vegansk livsstil og å ha eit plantebasert kosthold. Reduksjon i klimagassutslepp er ein av dei viktige, positive konsekvensane ved å avstå frå animalske produkt.

Tekst: Mailiss Solheim

Fabrikkpiper. Foto.

Dagens CO2-nivå i atmosfæra kan føre til farlege klimaendringer. (Foto: Pixabay )

Kva er klimaendringer?

Drivhuseffekten er i utgangspunktet viktig for å oppretthalde livet på jorda. Sola sender ut varmestråler som varmer opp jorda, og som sidan reflekteres bort frå jordoverflata. Noko av denne varmen vert fanga opp av atmosfæra, og sørger for ein jamn og leveleg temperatur på jorda. Men når mengda klimagassar i atmosfæra auker, så auker òg mengden varme som vert fanga i atmosfæra.

Etter den industrielle revolusjonen på 1700- og 1800-talet, har menneskeskapte klimagassutslepp stadig auka. Ein av dei viktigaste klimagassane er CO2, og i dag er CO2-nivået i atmosfæra høgare enn nokon sinne. Dette kan føre til ei varig temperaturauke, som igjen fører til farlege klimaendringer. For å hindre dette, er det naudsynt å senke utsleppa av klimagassar, og forskarar seier at vi må halde oss under ei 2-graders temperaturauke (det såkalla «togradersmålet»).[1]

FNs Klimapanel og -rapporter

FNs Klimapanel (IPCC) består av 2500 forskarar som forsker på klima. Dei lanserte sin femte hovudrapport i 2013 og 2014, fordelt på tre delrapporter og ein oppsumeringsrapport. I rapport nr 3 snakkar dei om tiltak for å senke klimagassutsleppa, hindre ei temperaturauke på meir enn to grader, og dermed hindre dei verste konsekvensane av klimanedringane.

I rapporten står det at i 2010 stod «skog, jordbruk og andre areal» for 24% av dei globale klimagassutsleppa. Dei trekk fram at redusert avskoging og mindre kjøttkonsum er viktige faktorar for å senke utsleppa frå denne sektoren. Til samanlikning stod transport for 21% av dei totale utsleppa same år.[2]

Kjøttkonsum og klimagassutslepp i Noreg

Vanndråpe. Foto.

Det krevs 3000 liter vatn for å produsere 2-3 kjøttkaker. (Foto: Pixabay)

I følge Helsedirektoratet har kjøttforbruket per person i Noreg meir enn fordobla seg frå 1959-2012 (frå 38kg pr pers til 80kg pr pers). Dette er alvorleg, når vi veit at produksjon av kjøt står for store andelar av klimagassutsleppa. Å produsere 200g biff, eller 2-3 kjøttkaker, krev faktisk heile 3000 liter vatn, og gir like store klimagassutslepp som å køyre 40km med bil.[3]

For å fortsette samanlikningane, så gir produksjon av eit kilo storfekjøt 50 gongar så høge klimagassutslepp som produksjon av eit kilo poteter. Og når 200g kjøt gir same utslipp som 40km med bilkøyring, vil det seie at eit einaste kilo med kjøt (frå storfe) tilsvarer utslepp frå å køyre 200km med bil.

Kraftfõr og import

Heile 80-90% av kornet som norske bønder dyrker, ender opp som fôr for husdyr. Men dette dekker berre 60% av kraftôrhebovet i landet, og Noreg importerer difor store mengder mais, hvete og soya. Faktisk importerer vi fleire hundre tusen tonn soya årleg frå Brasil for å dekke behovet for kraftfôr. Norsk husdyrhald legg difor beslag på store mengder vatn, landareal og energi utanfor våre eigne landegrenser. Dette inkluderer ein av dei viktigaste årsakene for øydelegging av regnskogen i Brasil, nemleg soyaproduksjon (nb: soya brukt i mat til menneske, kjem ikkje primært frå regnskog). Opptil 90 prosent av energien i kraftfôret går tapt, fordi det vert brukt til dyra sine livsprosessar. Den globale etterspørselen etter korn er enorm, fordi mykje av kornet går med til auka kjøttproduksjon.

Kort sagt, det er umogeleg å produsere nok mat i verda, om standarden er eit vestleg kjøttkonsum. [4]

Konklusjon

Produksjonen av animalske matvarer, norsk produksjon inkludert, bidrar kraftig til klimagassutslepp. For det fyrste vert den dyrkbare jorda vår brukt til å fore husdyr, istadenfor å vere mat for menneska, slik at vi må importere mat frå andre land, og dermed bidrar til klimagassutslepp frå transport. For det andre importerer norske bønder store mengder kraftfôr frå andre land, som gir transportutslepp. Og ikkje minst består kraftfôret mellom anna av soya frå Brasil, som fører til destruksjon av regnskogen, som i seg sjølv er ei stor utsleppskjelde.

Ynskjer ein å bidra til å senke klimagassutsleppa, er det å minske eller heilt avstå frå animalske produkt, eit godt og viktig bidrag!

Hirsesalat. Foto.

Å avstå frå animalske produkt er eit viktig bidrag til å senke klimagassutsleppa. (Foto: Jennifer, CC BY 2.0)

 

Fotnotar:
[1]http://tograder.no/hvorfor-togradersmalet/
[2]miljodirektoratet.no kan du lese meir om IPCC sine rapportar (på norsk), alle referanser til den femte rapporten er frå deira nettside.
[3]http://www.framtiden.no/201410036571/aktuelt/mat/vi-spiser-1375-dyr-hver.html
[4]http://www.framtiden.no/201409236559/aktuelt/mat/var-farlige-middagstallerken.html

, , , ,

One Response to Klimamessige kostnader ved husdyrproduksjonen

  1. Kristine 17. March 2015 at 08:50 #

    Takk for at dere tar opp dette! Det er etter min mening den absolutt viktigste grunnen til å velge et plantebasert kosthold.

    Det siste estimatet på klimagassutslipp knyttet til husdyrhold er forresten på 14,5% (7 Gigatonn CO2-ekvivalenter), men det er fortsatt veldig mye! Se FAO for hele rapporten: http://www.fao.org/ag/againfo/resources/en/publications/tackling_climate_change/index.htm

    Jeg synes også denne studien er interessant: http://link.springer.com/article/10.1007%2Fs10584-014-1169-1
    Den sammenligner klimapåvirkning av ulike kosthold.

Leave a Reply

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

[print_link]

Org.nr.: 895215732 / Bankkonto: 1503.71.30351 / e-post: kontakt@vegansamfunnet.no