Det er kanskje ingenting som rimar på pølse, men mange gode ting rimar på «grillpølsetest».

15 ulike veganske pølser, 13 deltakarar, to grillmeistrar og ein solfylt terrasse: Slik testa Norsk vegansamfunn grillpølser laurdag 2. august, og slik ville ein tilbrakt fleire laurdagar i ei perfekt verd.

Tekst: Marianne Clementine Håheim. Foto: Marit Ylvira Haugland

_DSC0038

Leiar og nestleiar i NVS inviterte pølseglade veganarar til test av grillpølser.

Pølseglede på tvers av alder

_DSC0045

Vi kom til dekt bord og varm grill hjå Marte Munkeli, leiar i Norsk vegansamfunn. Blant oss var veganarar mellom 12 og 37 år, kvar med sine preferansar på pølsefronten. Sunkost Gunerius, eit kjent mekka for dei fleste veganarar i hovudstaden, hadde saman med nettbutikken Veganlife Norge donert pølsene som skulle til pers. Marte sjølv stilte også med eit par typer kjøpt inn på harryhandel, mens nestleiaren, Linda Mathisen, hadde kjøpt med seg enno eit par tilskot på veg til testen.

For å smake på 15 ulike pølser treng ein anten veldig stor magesekk eller veldig små bitar, og denne laurdagen gjekk vi for det siste alternativet. Pølsebitane vart servert utan tilbehør, for å sikre fullt fokus på smak og konsistens. Kvar av oss fekk eit testskjema å notere i undervegs, og ein skala på 1 til 10 å bedømme pølsene ut frå. Smak og konsistens vart vurdert separat, før vi gav ein totalscore. I tillegg vart vi oppfordra til å gje utfyllande kommentarar, ei oppgåve samtlege angreip med stor kreativitet.

_DSC0047

Delte ganar

I fleire tilfelle var det svært delte meiningar innad i panelet, difor har mange pølser endt opp med tilnærma likt snitt. Same pølse har blitt kalla «dritgod» og sagt å smake plastikk, så testresultatet gir ingen absolutte garantiar. Det blir opp til kvar einskild å smake seg fram til sin favoritt, men plukk gjerne opp tips frå det følgjande!

Vegi-Bratwurst pepp. Foto.

 

Vegi-Bratwurst, pepp frå Vegusto, med eit snitt på 6,3.

Storparten av panelet var nøgde med konsistensen på denne saftige pølsa. Yngste deltakar på 12 år var skeptisk til kryddersmaken, som elles hausta mykje positiv respons rundt bordet. Assosiasjonane gjekk til både krydderkremost, paprika og sweet chili-saus.

 

 

 

 
Die Bratwurst. Foto.

 

 

 

Die Bratwurst frå Wheaty, med eit snitt på 6,2.

Ei salt og krydra pølse, som blir foreslått til ein spansk tomat/røykt paprika-rett. Åleine vart både smak og konsistens møtt med ein viss skepsis, men fleire hadde trua på denne varianten med tilbehør.

 

 

 

 

 

Vegi-Bratwurst majoran. Foto.

 

 

 Vegi-Bratwurst, Majoran frå Vegusto, med eit snitt på 6.

Denne gav assosiasjonar til medisterpølse eller -kake, og har nok potensiale som vegansk alternativ til jul. Det er ei mjuk og saftig pølse, som for somme vart for feit.

 

 

 

Vegi-Bratwurst knacker. Foto.

 

 

Vegi-Bratwurst, knacker frå Vegusto, med eit snitt på 5,8.

Denne var kjøtaktig i både utsjånad og smak, noko som skapte både begeistring og motvilje. Ein favoritt for somme.

 

 

 


Toscaninis. Foto.

 

 

 

Toscaninis frå Viana, med eit snitt på 5,5.

Vart foreslått som barnevennleg pølse, på grunn av den milde smaken. Litt keisam for vaksne ganar.

 

 

 

 

 

Real jumbos. Foto.

 

 

 

 

Real Jumbos frå Viana, med eit snitt på 5,3.

Noko tørre i konsistens, men med god kryddersmak.

 

 

 

 

 

Vegi-Bratwurst zwiebel. Foto.

 

 

Vegi-bratwurst zwiebel (lauk) frå Vegusto, med eit snitt på 5,3.

Desse landa på eit samstemt «OK», og lauksmaken vart etterlyst.

 

 

 

 

6 vegetarian sausages. Foto.

 

 

Vegetarian sausages frå Linda McCartney, med eit snitt på 5,2.

Desse kunne minne om bensinstasjonklassikaren rollerburger i både utsjånad og smak, og fekk i likskap med fjerdeplassen delt mottaking på grunn av dette.

 

 

 

Vegi-Bratwurst curry. Foto.

 

 

Vegi-bratwurst curry frå Vegusto, med eit snitt på 5.

Svært blanda respons frå panelet, både i forhold til smak og konsistens. Karrismak vart både applaudert og etterlyst.

 

 

 

Snällkorv. Foto.

 

 

Snällkorv frå Astrid och Aporna, med eit snitt på 4,2.

For mange av oss vart desse i overkant salte/krydra, men dei vart også foreslått som ein god følgjesvenn til potetball (raspekake/komle).

 

 

 

Veggiefresh bratwurst

 

 

 

 

Veggiefresh Bratwurst frå Viana, med eit snitt på 4.

Den milde smaken på desse vakte tilsvarande reaksjonar, og tørr konsistens trakk ned.

 

 

 

 

 

8 hot dogs. Foto.

 

 

Vegetariska hot dogs frå Fry’s, med eit snitt på 3,9.

Yngste representant på 12 år gav desse nesten full pott, medan resten av panelet var lite imponert over lite smak.

 

 

 

Tofu-Wienerpølser

 

 

 

 

Tofu-wienerpølser frå Taifun, med eit snitt på 3,8.

Desse er ikkje meint for grilling, og fortener nok ein ny sjanse av den grunn. Både koking og steiking i panne vart foreslått.

 

 

 

 

 

Grill sausages. Foto.

 

 

 

 

Grill sausages frå Taifun, med eit snitt på 3,5.

Konsistensen på desse fekk hard medfart av panelet, som meinte dei var for mjuke/blaute. Ein tilhengar påpeika at dei kjem betre til sin rett på kolgrill.

 

 

 

 

 

Chorico brats. Foto.

 

 

 

 

Chorico Brats frå Vegourmet, med eit snitt på 2,6.

Krydra pølser, som vart for sterke for storparten av panelet. Foreslått som følgjesvenn til øl.

 

 

 

 

 

Gamle mytar til skamme

Etter å ha smakt oss gjennom dei 15 kandidatane, var det naudsynt med ein lengre pause for å fordøye, julaftan-style. Somme kasta inn handkleet og reiste mette heim, medan andre kvilte magen mot låra i påvente av pølser med tilbehør. Som forventa, vart smaksopplevinga ei heilt anna med brød, lompe, lauk og salat involvert.

Testpanel. Foto.

Til saman sat vi til bords i over fire timar, utan å merke noko særleg til at tida gjekk. At det er noko problem å vere pølseglad veganar, er dermed grundig avkrefta for vår del. Neste gong blir det kanskje ost eller sjokolade som sirkulerer rundt bordet, så hald augo opne for panelinvitasjonar frå Norsk vegansamfunn! Det anbefalast på det varmaste og mettaste av underteikna.

Pølser. Foto.

 

, , , , , , , ,

Trackbacks/Pingbacks

  1. Veganske matalternativer til det meste | Norsk vegansamfunn - 10. March 2015

    […] Spesielt hvis du har lyst på pølser, er utvalget stort. I fjor sommer arrangerte Norsk vegansamfunns en stor test av ulike grillpølser, der pølsene ble levert av nettbutikken Veganlife og helsekostbutikken Sunkost Gunerius i Oslo. Her kan du lese mer om hva deltagerne synes om de ulike veganske sosissene. […]

Leave a Reply

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

Org.nr.: 895215732 / Bankkonto: 1503.71.30351 / e-post: kontakt@vegansamfunnet.no